top.shtml
                                             
Logo




      

meny.shtml Tilbake til startsida
Islandshestsenter
Feriesenter
Kurssenter
Klatresenter
Selskapslokale
Kennel
Garden
Kart
Om oss
Aktivitetsoversikt
Påmelding

Kontakt oss

Postadresse:
Espedalsvegen 174
Fossanmoen
4110 Forsand
Norge

Telefon:
90986637

Mail:
fossanmoen at fossanmoen.no



                                                                                                                                                                                                                                                             
                   
            Garden sett fra Steinberg

Garden Fossanmoen er ca. 1000 daa i grunnflate. 170 daa er fulldyka mark. 20 - 30 daa er produktiv granskog, resten er ein bratt skråning opp mot Uburen som er dekka av bjørkeskog. All jorda unnateke 20 daa er samla rundt gardstunet. Dei 20 daa ligg ved "gamletunet" på Fossan 3 km unna, like ved Lysefjordmunningen. Jorda på Fossan er dyrka i gamal tid, og brukt i fleire hundre år. På Fossanmoen er alt dyrka i etterkrigstida, det meste i 1960 - 1970 åra. Grasdyrking til fôr er jordas viktigaste produksjon.

Fram til 1999 var det mjølkeproduksjon på garden.  Frå og med 01.01.2000 var denne tradisjonen slutt. No er avl og opdrett av islandshest, rideleirar, rideturar og temjing og trening av unghestar hovudverksemda. I ein periode vart det drive med høns, men sau og gris har det berre vore eit fåtall av.

Garden har naust/båtplass ved Lysefjordmunningen. Gjennom garden renn Fossanåna, ei lita elv med noko aure i.

Bygningane på garden dekkjer ca. 2000 m2 og ligg samla. Dei er knytt saman i ein vinkel og verkar som le mot aust. Austavinden kan vere svært kraftig når hauststormane set inn. Då er det godt at tunet ligg skjerma. Bygningane inneheld stall, ridehall, longeringshall, maskinhus, verkstad, garasjar, utleigehus m/opphalds og undervisningsrom, selskapslokale, innandørs klatrevegg, kiosk/"gatekjøkken" og gardshus. Garden har også eigne opplyste ridebanar.

Frå Fossanmoen kan me sjå Høgsfjorden, men det meste av utsikten er fjell på alle kantar.

Her finn du oss

påbeite.gif (31599 bytes)